
Boklansering: "Stella står i det" av Helene Guåker
Holmlia-forfatter slipper barnebok og du er invitert!


Tid & sted
19. okt. 2025, 13:00 – 15:30
Holmlia Kulturhavn , Holmlia Senter vei 9, 1255 Oslo, Norge
Om arrangementet
Lansering av barneboka Stella står i det av Holmlia-forfattar Helene Guåker. Ho kjem til Holmlia kulturhavn søndag 19.oktober klokka 13:00 saman med illustratør av boka, Oda Valle. Dei les og teiknar, og Sverre Thorstensen speler musikk. Boksal, signering og frukt til barna. Arrangementet passar for barn frå 6 år.
Om boka:
Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det…